I samarbeid med Sparebank 1 Sogn og Fjordane har Eikefjord Idrettslag invitert Roger Finjord, dagleg leiar i Finnmark Fotballkrets. Han er ein av Noreg sine mest ettertrakta foredragshaldarar. Finjord vil halde eit foredrag på Allhuset 9. mars kl. 19. Arrangementet er gratis for alle.

Roger er kjent for foredrag som set spor – både i hjartet og i magen. Med varme, humor og ein sjeldan evne til å sjå menneske, får han oss til å le, men også til å reflektere over det som betyr noko, nemleg samspelet mellom oss. I foredraget tar Roger oss med inn i tema som identitet, røter og stoltheit – særleg
stoltheita over fellesskapet vi bygger saman. Han minner oss på kva det faktisk betyr å høyre til, og kvifor det er så viktig at vi løfter kvarandre. Roger har erfaring som trenar frå 6. divisjon i Finnmark til kvinnelandslaget, og eit liv fylt av historier frå menneske og miljø over heile landet. Når han ikkje jobber med folk og fotball, finn du han gjerne over eit sjakkbrett.