Skip to content

Aksel Hennie til Florø 16. april

Som ein del av ein inspirasjonsturné i regi av SpareBank 1 Sogn og Fjordane, kjem Hennie til Florø 16. april.

Arrangementet er ein del av SpareBank 1 Sogn og Fjordane sitt samfunnsengasjement, der målet er å gi noko tilbake til lokalsamfunnet gjennom kunnskap, inspirasjon og møteplassar. Publikum blir invitert til ein kveld der både økonomi, livsval og personlege erfaringar står i sentrum.

Aksel Hennie er kjend frå ei rekke norske og internasjonale filmar og TV-produksjonar, og har dei siste åra også markert seg som ein sterk og engasjerande føredragshaldar. I føredraget sitt deler han si personlege historie om motgang, val og det å stå imot snarvegar – og korleis små, bevisste val over tid kan opne store moglegheiter.

– Vi er stolte over å kunne ta med oss Aksel Hennie til Sogn og Fjordane. Dette er ein unik sjanse for publikum til å oppleve ein av Noregs mest kjende skodespelarar på heimebane, samstundes som vi ønsker å bidra med innhald som gir både inspirasjon og refleksjon, seier Linda Vøllestad Westbye , direktør for personmarknad i SpareBank 1 Sogn og Fjordane.

I tillegg til Hennie står banken sin forbrukarøkonom, Torbjørn Olset på scena. Her blir det fokus på sparing, økonomiske val og vegen mot eigen bustad – tema som er relevante for både unge og vaksne i ulike livsfasar.

Turneen er ein vidareføring av banken sitt arbeid med samfunnsaktuelle arrangement. I fjor samla SpareBank 1 Sogn og Fjordane fullt hus under ei liknande turné med Lars Monsen, der pensjonssparing var tema.

Arrangementa er opne for alle. Gå til påmelding her