Skip to content

Skirenn på Humlestøylen

Eikefjord Idrettslags skigruppe har allereie gjennomført nokon renn på Humlestøylen, og fortsatt har vi fire planlagte renn att i sesongen 2025/2026. Skirenna vil gå søndagar fram til midt i februar.

  1. Søndag 25. Januar          Cuprenn, Fristil              Start kl. 14
  2. Søndag 01. Februar        Cuprenn, Klassisk *        Start kl. 14
  3. Søndag 08. Februar         Flora Meisterskap          Start kl. 14
  4. Søndag 15. Februar        Cuprenn, Fristil               Start kl. 14

*Cuprenn 1 februar blir arrangert som langløp: 10 km Damer og 20 km Herrar

Oppfordring: Vi oppmodar dei som ikke deltar på tidtaking til å melde seg på som trim (deltakar utan startnummer og utan tidtaking). Det gjev god støtte til skigruppa og ein vert då med på premiering.

Påmelding: Lenke til eqtiming.com vert lagt ut her og på Facebook nokon dagar før rennet. Uansett er det mogeleg å melde seg på til Dagfrid Humlestøl (91141433) kvelden før renna. Send tekstmelding med namn og alder på den du ønsker å melde på. Husk å betale via Vipps 943470

Etterpåmelding seinast same dag ein halv time før start (1330)

Alle som skal delta bør vere medlem av Eikefjord IL, skigruppa.

Været rår vi ikkje med. I dårleg vær kan enkelte renn verte avlyste.

Renna kan verte oppsett att på kort varsel når det ser som vi får godt vær. Følg med her og på Facebook-gruppa «Eikefjord ski»

Startpengar:

  • Barn: Gratis
  • Junior: Gratis opp til og med 18 år
  • Senior: kr. 100,-
  • Trim: kr. 70,-

Startpengar betalast via vipps til Eikefjord IL (943470)

Premiering:

For å få premie må ein delta i 3 cup-renn / renn i løpet av sesongen.

Ved å delta i 5 renn eller fleire, får ein større premie.

Trening og trimming:

Det er lagt opp til fast trening på Humlestøylen, ein kveld i veka, tysdag kl. 18.00. Her kan alle (eldre enn 8 år) som måtte ønske det møte opp og få litt instruksjon i teknikk og trening. Smøretips kan vi også kome med, men alle må smøre skia sine sjølve eller med hjelp av foreldre. Oppstart så snart det er forhold. Sjå eventuell oppdatert info her eller på Facebook.

Lysløypa og aktivitetsbakken er disponible heile døgnet. Ved snøfall vert løypa oppkøyrt til cirka kl. 18.00 i vekedagar og cirka kl. 11.00 laurdag og søndag.

Sjå web-kamera. Husk å slå av lyset når du er ferdig!

Medlem i Eikefjord IL.

Alle, som går skirenna og trener i skianlegget på Humlestøylen, bør betale medlemskontingent til Eikefjord idrettslag.

Alle medlemmer må registrere seg på Min idrett (minidrett.no). Idrettslaget får støtte for kvar medlem som er registrert.

Kretsrenn

Påmelding til kretsrenn: Min Idrett, der alle medlemma i Skigruppa må være registrerte.

Alle over 13 år som skal delta på kretsrenn må løyse skilisens. Dette er ei forsikring som Norges skiforbund krev.

Startpengar til kretsrenn vert dekka av skigruppa.

Startpengar til turrenn vert ikkje dekka av skigruppa.