ER DU MEDLEM AV EIKEFJORD IDRETTSLAG? Under Eikefjorddagane hadde EIL eigen stand der fokuset mellom anna var å bevisstgjere bygdefolket og andre på kor viktig det er å støtte idrettslaget gjennom vere medlem. Ved å betale medlemsavgifta får ein inngangsbillett til å trene, enten det gjeld fotball, ETS, handball, basket eller turgåing, og i tillegg støttar ein dei ulike prosjekta som idrettslaget jobbar med.
Fleire skreiv seg på liste for å bli medlem under Eikefjorddagane, og av desse vart det trekt ein heldig vinnar av EIL sin «uniform». Vinnaren vart Audun Solheim, og han kunne stolt posere i bunaden til idrettslaget.
Viss du tenkjer at du gjerne skulle ha blitt medlem, eller berre vil sjekke om du er det, så kan du logge deg inn på https://www.minidrett.no eller sende ein e-post til post@eikefjordidrettslag.no