På årsmøtet 2022 vedtok Eikefjord idrettslag å starte opp allidrett for barn! I veke 36 skjer det, og tilbodet vert for aldersgruppene 2 – 5 år og 6 – 9 år.
Målet er å gje barna eit godt fundament for eit aktivt liv gjennom å tilby eit variert aktivitetstilbod der dei får prøve flerie ulike idrettar i fleire miljø, for eksempel i fleirbrukshallen, i skogen eller på snø. Det vert lagt vekt på å utvikle ein god grunnmotorikk gjennom leik og aktivitetar som er tilpassa barnet sitt utviklingsnivå.
Treningstidpunkt:
2 – 5 år: Onsdag kl. 17 – 18
6 – 9 år: Måndag kl. 17 – 18 og Onsdag kl. 18 – 19
Oppmøte:
Fleirbrukshallen i Eikefjord (viss ikkje anna er kommunisert ut).
Oppstart:
5. september kl. 17.00 for 6 – 9 år.
7. september kl. 17.00 for 2 – 5 år
Pris:
Gratis (alle deltakarar må vere medlem av Eikefjord idrettslag).
NB! 2013- og 2014-kullet har allereie etablerte fotball- og handballlag, og vil derfor få tilbod om både allidrett og særidrettstrening.
HÅPAR Å SJÅ MANGE AKTIVE OG IVRIGE BARN! Velkommen!