Skip to content

Eikefjord Fotball arrangerer Kongleriket søndag 8. mai

243508065_281972323579618_1791785944199938060_n

Eikefjord Fotball arrangerer Kongleriket Miniputturnering søndag 8. mai! Denne turneringa har av fleire blitt omtalt som “Mini-Eikefjorddagane”, og vi håpar på mykje folk, som blir ramma for mykje god aktivitet denne dagen! Påmeldingsfristen er satt til 29.04 klokka 19.00.

Parkering
Det er noko begrensa parkeringsmoglegheiter på stadion, så vi oppmodar derfor laga i frå Florø om å parkere på Nesjane(sjå vedlagt oversiktsbilete). Det blir satt opp skilt som viser avkjørsle og parkeringsvakter er i området. Det blir også parkeringsvakter på stadion som vil fortelje deg kor du skal parkere. 

Kiosk

Det blir moglegheit for å kjøpe seg noko godt i kiosken. Det blir utsal frå 2 kioskar. Merk dykk. betaling er kun via vipps!

Parkeringsoverikt:

Temaet for turneringa er: «Fair Play» 

Vi ønskjer at Fair play skal vere gjennomgåande i Kongleriket Miniputt-turneringa. Fair play helsing vil vere obligatorisk i alle kampar, og vi håpar alle vaksne som er tilstades opptrer som gode rollemodellar for miniputtane våre. 

.

Velkommen skal du vere! 

Med vennleg helsing styret i Eikefjord Fotball