Skip to content

Pangstart for EIL-Turglede

Marsjen til Nesjekongen

Det var over 60 deltakarar på fyrste turen EIL-Turglede la til rette for i veldig godt samarbeid med frivillige i Kvalvika. Den nyoppstarta gruppa, underlagt idrettslaget, har satt igang prosjektet Turglede i grendene. Glede vart det til gangs! Flott tur sjølv om aprilsnøen hadde lagt seg godt til rette på stien. Prat og hygge, guiding av Harry og hjelpsame hender var nokre av stikkorda for marsjen. At også nysgjerrigheita på kva som har foregått i Eikefjord og Kvalvika i forhistorisk tid vart vekt gjorde turen særs kjekk. Harry har rydda sti fram til gravrøysa til Nesjekongen og merka den som ei rundløype.

Nydeleg område, absolutt verdt fleire besøk i allslags vêr!

Ved gapahuken stod Marianne m.fl for pølser, sveler, kaffi og saft i tillegg til quiz; tusen takk for god tilrettelegging! Neste tur går til jettegryta på Knapstad 24.april. Følg med på facebookgruppa EIL- Turglede: https://www.facebook.com/groups/993329238246238