Skip to content

Trimpoengappen er ein suksess

Utsikt frå Fløgjen
Utsikt frå Fløgjen

No har Trimpoeng vore i drift i nesten ei veke og vi gleder oss over å sjå at det er ein suksess! Vi visste at folk her i området var flinke til å gå på tur, og med denne appen får ein verkeleg beviset for det.  Vi har allereie passert 1200 innsjekkingar! Posten med flest besøk er – ikkje overraskande – Hovlandsstøylen som har meir enn 200 innsjekkingar. Dei fleste turane som er opne har vore besøkt. Dei ivrigaste trimpoengsamlarane har vore på tur kvar dag.

Ikkje alle postar er opna enno for sikkerheitsmessige grunnar; Blånipa og Håsteinen ventar vi heilt til 1. juni med å opne, medan Egga, Fagernipa, Knollane, Skålefjellet, Strandanipa. Vikanipa og Ørneklumpen opnar 1. mai,- då har de noko å glede dykk til. Vi håpar folk blir inspirert til å ta turar i områder dei før ikkje har vore og blir fasinert over at vi ikkje treng å farte så langt for å få flotte naturopplevingar.

Om dei som går på tur vil komme med nye turforslag er det berre å trykkje «Foreslå turmål» i menyen på appen så vurderar vi desse i neste runde. For med denne suksessen så blir det heilt sikkert ei ny runde, håpar mange blir med då også. Vi oppmodar elles om å legge inn bilete på Instagram #EikefjordIL.

God tur!