Eikefjord idrettslag startar måndag 6. april opp prøveprosjekt Trimpoeng. Vi har lagt inn 50 ulike turmål kor det er mogleg å samle Trimpoeng. Vi har lagt inn turar i heile Eikefjord opp til Ramsdalsheia, vi har og utvida området heilt ut til Stavøya og Stavang. Vi håpar Trimpoeng-appen bidreg til å finne nye spennande turmål for alle. Det er ikkje avgrensing på kor mange poeng du kan samle, men for å vere med i trekning av premiar må du ha eit minimum av poeng. Konkurransen varer ut juli, så du har god tid på å samle poeng!
Du lastar ned appen og registrerer deg som brukar. Informasjon om dette finn du på vår Trimpoengnettside . Her finn du relevant informasjon og du finn oversikt over alle turane så du kan starte her for å planlegge turane.
Du samler trimpoeng når når du kjem til dei ulike turmåla. Dei ulike turmåla har frå 3 til 12 poeng, alle støylane våre gir 6 poeng kvar. Dei elektroniske postene har ulik poeng etter kor tilgjengelege dei er. Du registrer deg ved når du er innanfor radiusen til den elektroniske posten. Den har en rekkevidde på mellom 5 til 75 meter og du får registrert poeng knytt til posten. Du kan maks registrere deg ein gong per 8 timar per post. For dei sprekaste kan du legge inn søndagturen slik at du når fleire poster på same tur.
Nokre fikk prøve appen i helga. Den var ikkje heilt klar og ikkje alle turane var på plass. Vi startar med poengsamlinga måndag 6, alle poenga opptjent i helga er strokne.