Skip to content
001-MacBook-Silver

Velkommen til ny og felles heimeside for idretten i bygda. Her samlar vi alle gruppene som tilhøyrer Eikefjord Idrettslag, med håp om at all framtidig aktivitet som går føre seg i bygda skal nå ut til flest mogleg.

Her kan du lese om nyheiter relatert til idrettslaget, og dei tilhørende gruppene: Fotball, Handball, Basket, Ski og Friidrett. Du finn også generell informasjon om gruppene, som blant anna treningstider, kontaktinformasjon og kven som sit i styret for dei ulike laga. 

Om du klikker deg inn på kalenderen får du ei oversikt over kommande arrangement, slik at ein lettare kan planlegge tida framover både for seg sjølv og for familien. Noko som kan være svært nyttig for dei som er med på fleire aktivitetar. 

Vi ynskjer å skape ei levende side med mykje oppdateringar, og håper at du ynskjer å benytte deg av sida vår. Målet er at du skal kunne finne alt du lurer på angående idretten, samla, på ein stad.

Du skal også ha motatt magasinet Eikefjordingen i postkassen din denne helga. Magasinet er eit samarbeidsprosjekt mellom Eikefjord Idrettslag og Eikefjord Grendalag. Der kan du lese om dei ulike gruppene og kven som sit i styret. Om du ikkje har fått magasinet så kjem det også på nett etterkvart. 

Vi ser fram til ein aktiv og oversiktleg kvardag i lag!